Skjakmjol
Bygg er sjølve urkornet, og har vore dyrka i bygdene nord i Gudbrandsdalen i uminnelege tider. Bygg er særleg rikt på kostfiber, antioksidantar, B-vitamin og mineral – sunt og næringsrikt.

Skjåkmjøl er sjølve byggmjølet – ekte, tradisjonsrikt og opphavleg. Prøv Skjåkmjøl neste gong du skal lage mat, som eit godt alternativ til anna mjøl.

Skjåk har mindre nedbør enn Sahara. Bygdefolket vatnar difor jorda med vatn frå brear og fjell. Dette gjev rett mengde vatn til rett tid, og legg grunnlaget for ein uslåeleg kvalitet på kornet.