Byggakre-i-Ottadalen_01

Foredlinga


Dei særeigne dyrkingstilhøva med tørt og stabilt klima, gardbrukarar som vatnar jorda ved behov og variasjonar mellom dag- og nattemperaturar som tilfører dogg, legg grunnlaget for ein uslåeleg kvalitet på kornet. Den tradisjonsrike tilverkinga tek vare på den gode kvaliteten i råvarane, og foredlar desse til byggmjøl og byggryn med særleg gode eigenskapar.

Næringsstoffa i bygg som har særleg god påverknad på helse og ernæring, sit hovudsakleg i ytste laget av kornet. Her finn ein kostfiber og antioksidantar, som er med på å byggje og vedlikehalde kroppen. Ofossen Mølle satsar difor på lite avskaling og høg utmalingsgrad, og næringsstoffa i sluttprodukta har særleg gode og vitskapleg dokumenterte verdiar.

Skjåkmjøl er eit sammale byggmjøl som inneheld 90 prosent av kornet, medan Skjåkgryn inneheld 80 prosent. Dette er vesentleg meir enn andre byggprodukt på marknaden, som har ein utmalingsgrad på 50 prosent. Mjøl og gryn frå Ofossen Mølle er laga av spesielt utvalde byggsortar som smakar godt og eignar seg særleg godt til baking og koking.