Skjakgryn
Bygg er sjølve urkornet og har vore dyrka i bygdene nord i Gudbrandsdalen i uminnelege tider. Bygg er særleg rikt på kostfiber, antioksidantar, B-vitamin og mineral – sunt og næringsrikt.

Skjåkgryn er sjølve byggrynet – ekte, tradisjonsrikt og opphavleg. Prøv Skjåkgryn neste gong du skal lage mat, som eit godt alternativ til ris, potet eller pasta.

Skjåk har mindre nedbør enn Sahara. Bygdefolket vatnar difor jorda med vatn frå brear og fjell. Dette gjev rett mengde vatn til rett tid, og legg grunnlaget for ein uslåeleg kvalitet på kornet.