Byggbrød frå Bakeriet i Lom

Skjakbrod
Foto: Bård Bårdløkken

Dag 1, lag settedeig:

  • 200 g sikta kveitemjøl

  • 200 g Skjåkmjøl

  • 3 dl kaldt vatn

  • 5 g fersk gjær

  • 5 g salt

Bland alt i ei eltemaskin og elt til deig. Dekk med plast og set kjøleg til neste dag.Dag 2, lag brød:

  • 800 g sikta kveitemjøl

  • 800 g Skjåkmjøl

  • 1,5 liter kaldt vatn

  • 40 g honning

  • 20 g fersk gjær

  • 20 g salt

Settedeigen frå dagen førBland alt utanom salt, gjær og settedeig, og elt i 2 minutt. La kvile i 30 minutt og tilset salt og gjær. Elt i 15 - 20 minutt på sakte fart. Tilset settedeigen og elt sakte i 2 minutt og raskt i 2 minutt. Legg deigen i ein smurt bolle, dekk med plast og hev i 2 timar til dobbel storleik.Ta ut deigen frå bollen og kna lett. Legg attende og hev i 1 time. Legg deigen på mjøla bord og del i fire emne. Form brøda forsiktig og legg i smurt form. Strø på mjøl og lag 3 – 4 snitt på toppen av kvart brød. Dekk med plast og etterhev i 1 time. Set brøda i ein forvarma omn på 220 grader. Hell 0,5 dl varmt vatn i botnen av ovnen slik at det blir damp og lukk døra. Skru ned varmen til 180 grader etter 5 minutt og steik vidare i 40 – 45 minutt. Brøda er ferdige når du høyrer ein hul lyd når du bankar på botnen. Avkjøl på rist. 4 store brød