kaffimat

Sviskekake

  • 1 1/2 dl oppbløytte og kokte Skjåkgryn

  • 1 l mjølk

  • 100 g smør

  • 200 g sukker

  • 150 g kveitemjøl

  • 6 egg

  • 100 g steinfrie svisker

Kok opp mjølk, smør og sukker og rør det lett saman med mjøl, egg og byggryn. Slå røra over i ei tett kakeform og legg i sviskene. Steik i ovn på 175 grader i om lag 40 minutt til kaka er fast og pent brun. Kan serverast både varm og kald. Ein frisk bærpuré smakar godt til.

Comments

Lappar

  • 1/2 l kald byggrynsgraut

  • 1 dl mjølk

  • 6 ss kveitemjøl

  • 1 ss sukker

  • 3 egg

  • l ts vaniljesukker

Bland byggrynsgrauten med mjølk og det turre og ha i eitt egg om gongen. Ha godt med smør i varm steikepanne og legg røra i panna med skei. Servér lappane nysteikte med syltetøy.

Comments

Sukkerbrød

  • 6 egg

  • 200 gr sukker

  • 100 gr Skjåkmjøl

  • 80 gr potetmjøl

  • 2 ss kveitemjøl

  • 1 ts bakepulver

Visp egg og sukker til eggedosis. Tilsett deretter Skjåkmjølet, potetmjølet og kveitemjølet med bakepulver. Steik som vanleg sukkerbrød. Til fyll høver tytebær og kremfløyte, gjerne óg med tytebær til pynt.

Comments

Rumbrød

  • 1 kg smult

  • 1/2 kg margarin

  • 3 egg

  • 2 ss hjortetakksalt

  • 3 ss kardemomme

  • 4 koppar sukker

  • 1,8 kg kveitemjøl

  • 1 l søt rømme

  • 2 koppar mjølk

  • 1 kg Skjåkmjøl

Smuldre smør og smult i krydder, sukker og kveitemjøl. Ha i egga. Gøym att 1 kopp av sukkeret og 800 gr kveitemjøl til breimjøl.Kna rømme, mjølk og Skjåkmjøl til deig.Kna båe deigane saman og la den stå til kjøling til neste dag. Kjevle ut. Bruk rumbrødbotn og trinse. Ikkje for varm takke.

Comments

Gulrotkake

  • 3 1/4 dl Skjåkmjøl

  • 3 1/4 dl kveitemjøl

  • 2 dl sukker

  • 3 ts natron

  • 3 ts kanel

  • 1/2 ts muskat/nellik

  • 4 egg

  • 1 dl olje

  • 3,5 dl surmjølk

  • 2 ts vaniljesukker

  • 1 dl hakka mandlar

  • 1,5 dl raspa eple

  • 3 dl raspa gulrot

  • 1 dl kokos

Bland mjøl, sukker, natron, kanel og muskat/nellik. Pisk saman egg, olje, mjølk og vaniljesukker og ha i mjølblandinga. Rør om. Tilset resten.

Comments

Nøttebotn

  • 4 egg

  • 100 gr sukker

  • 2 dl Skjåkmjøl

  • 2 ts bakepulver

  • 250 gr nøtter

  • 1,5 dl mjølk

Skjær mjølet inn i eggedosisen. Rør minst mogleg. 170 grader i 25 - 30 min i vanleg rund form.

Comments

Eplekake

  • 2 egg

  • 1 dl sukker

  • 1,5 dl Skjåkmjøl

  • 1,5 dl kveitemjøl

  • 2 ts bakepulver

  • 50 gr halvsmelta smør

  • 1,5 dl mjølk

  • 2 store eple

Visp eggedosis. Kok opp mjølk og tøm denne i. Ha i smøret. Ha i mjøl og bakepulver. Skjer epla i tynne skiver og legg desse på toppen. Strø på sukker. Steik på 200 grader i ca 35 min i vanleg rund form.

Comments

Avletter eller Skryller

  • 2 1/2 dl kremfløyte

  • 1 dl rømme

  • 1 dl vatn

  • 50 gr Skjåkmjøl

  • 125 gr kveitemjøl

Bland saman fløyte og rømme og visp dette til krem. Sikt Skjåkmjøl og kveitemjøl inn og set til vatnet. La det svelle ei stund. Varm avlett- eller krumkakejernet og ha i ei lita skei røre. Steik lysgult på båe sider. Kakene skal vere tynne og sprø. Avkjøl på flatt underlag.

Comments

Vaflar

  • 100 gr Skjåkmjøl

  • 300 gr kveitemjøl

  • 1 ts bakepulver

  • 50 gr farin

  • 40 gr smelta margarin

  • 2 egg

  • 1 l kulturmjølk

Bland alt det tørre og rør i mjølk til ei tjukk glatt røre. Rør i smelta margarin. La røra svelle i 1/2 time for å trekkje smak.

Comments

Storrumbrød, hardt

  • 2 kg malne poteter

  • 1 kg smult

  • 500 gr margarin

  • 1 l sur mjølk

  • 1 l søt mjølk

  • 2 toppa ss hjortetakksalt

  • 2 kg Skjåkmjøl

  • 600 gr sikta kveitemjøl

Lag ein deig av potetstappe, mjølk, mjøl og hjortetakksalt. Tilset det smelta smøret og feittet. Kjevle utdeigen og steik bakstsida fyrst.

Comments

Storrumbrød, mjukt

  • 7 kg malne poteter

  • 500 gr margarin

  • 1 kg smult

  • 1 kg sirup

  • 1 l søt mjølk

  • 1 l sur mjølk

  • 2 toppa ss hjortetakksalt

  • 1 natronpakke

  • 2 kg Skjåkmjøl

  • 2 kg sikta kveitemjøl

  • 1,5 kg sikta rugmjøl

Ha potetstappe, mjøl, hjortetakksalt, natron og sirup i troget. Fyll oppi mjølka og kna lett saman. Sett til smelta feitt og smør. Kna saman. Bruk berre 1/2 kg kveitemjøl i deigen. Resten vert brukt som breimjøl. Steik på varm takke. Snu leiven ofte.

Comments

Tvisteiktbrød

  • 1 kg malne poteter

  • 1 l sur mjølk

  • 1 l vatn

  • 3,2 kg Skjåkmjøl

  • 700 gr grovt kveitemjøl

Lag ein deig av potetstappe, vatn, surmjølk og mjøl. Ta av rikeleg med mjøl til breimjøl. Kjevle til tynne leivar. Steik desse fyrst på bakstsida og snu leiven og legg ein ny leiv oppå. Snu båe når fyrste leiven er steikt. Snu så den steikte leiven enda ein gong og la dampen av den andre trekkje inn.

Comments

Mjukbrød (lefse)

  • 3,5 kg malne poteter

  • 150 gr Skjåkmjøl

  • 1,2 kg kveitemjøl

Lag ein smidig deig av potetstappe, Skjåkmjøl og kveitemjøl. Legg fjølsida på leiven på takka, snu så fort leiven heng saman og gjenta snuinga fleire gonger til leiven er steikt.

Comments