Byggbrød frå Bakeriet i Lom

Skjakbrod
Foto: Bård Bårdløkken

Dag 1, lag settedeig:

  • 200 g sikta kveitemjøl

  • 200 g Skjåkmjøl

  • 3 dl kaldt vatn

  • 5 g fersk gjær

  • 5 g salt

Bland alt i ei eltemaskin og elt til deig. Dekk med plast og set kjøleg til neste dag.Dag 2, lag brød:

  • 800 g sikta kveitemjøl

  • 800 g Skjåkmjøl

  • 1,5 liter kaldt vatn

  • 40 g honning

  • 20 g fersk gjær

  • 20 g salt

Settedeigen frå dagen førBland alt utanom salt, gjær og settedeig, og elt i 2 minutt. La kvile i 30 minutt og tilset salt og gjær. Elt i 15 - 20 minutt på sakte fart. Tilset settedeigen og elt sakte i 2 minutt og raskt i 2 minutt. Legg deigen i ein smurt bolle, dekk med plast og hev i 2 timar til dobbel storleik.Ta ut deigen frå bollen og kna lett. Legg attende og hev i 1 time. Legg deigen på mjøla bord og del i fire emne. Form brøda forsiktig og legg i smurt form. Strø på mjøl og lag 3 – 4 snitt på toppen av kvart brød. Dekk med plast og etterhev i 1 time. Set brøda i ein forvarma omn på 220 grader. Hell 0,5 dl varmt vatn i botnen av ovnen slik at det blir damp og lukk døra. Skru ned varmen til 180 grader etter 5 minutt og steik vidare i 40 – 45 minutt. Brøda er ferdige når du høyrer ein hul lyd når du bankar på botnen. Avkjøl på rist. 4 store brød

Comments

Arne Brimis byggsalat

Byggsalat
Foto: Bård Bårdløkken

  • 2 sjalottlauk

  • Olje

  • 1 dl eplesaft

  • 175 g Skjåkgryn

  • 5 dl kraft/vatn

  • 200 g rotgrønnsaker i terninger

Finhakk sjalottlauken og fres den i litt olje.Ha i gryn og eplesaft, la koke inn. Fyll gradvis med kraft/vatn.Ha i grønnsakene, la dei koke møre med gryna, rør ofte. Smak til med salt, nykverna pepar og kanskje nokre ss smør.

Comments

Sviskekake

  • 1 1/2 dl oppbløytte og kokte Skjåkgryn

  • 1 l mjølk

  • 100 g smør

  • 200 g sukker

  • 150 g kveitemjøl

  • 6 egg

  • 100 g steinfrie svisker

Kok opp mjølk, smør og sukker og rør det lett saman med mjøl, egg og byggryn. Slå røra over i ei tett kakeform og legg i sviskene. Steik i ovn på 175 grader i om lag 40 minutt til kaka er fast og pent brun. Kan serverast både varm og kald. Ein frisk bærpuré smakar godt til.

Comments

Lappar

  • 1/2 l kald byggrynsgraut

  • 1 dl mjølk

  • 6 ss kveitemjøl

  • 1 ss sukker

  • 3 egg

  • l ts vaniljesukker

Bland byggrynsgrauten med mjølk og det turre og ha i eitt egg om gongen. Ha godt med smør i varm steikepanne og legg røra i panna med skei. Servér lappane nysteikte med syltetøy.

Comments

Sukkerbrød

  • 6 egg

  • 200 gr sukker

  • 100 gr Skjåkmjøl

  • 80 gr potetmjøl

  • 2 ss kveitemjøl

  • 1 ts bakepulver

Visp egg og sukker til eggedosis. Tilsett deretter Skjåkmjølet, potetmjølet og kveitemjølet med bakepulver. Steik som vanleg sukkerbrød. Til fyll høver tytebær og kremfløyte, gjerne óg med tytebær til pynt.

Comments

Rumbrød

  • 1 kg smult

  • 1/2 kg margarin

  • 3 egg

  • 2 ss hjortetakksalt

  • 3 ss kardemomme

  • 4 koppar sukker

  • 1,8 kg kveitemjøl

  • 1 l søt rømme

  • 2 koppar mjølk

  • 1 kg Skjåkmjøl

Smuldre smør og smult i krydder, sukker og kveitemjøl. Ha i egga. Gøym att 1 kopp av sukkeret og 800 gr kveitemjøl til breimjøl.Kna rømme, mjølk og Skjåkmjøl til deig.Kna båe deigane saman og la den stå til kjøling til neste dag. Kjevle ut. Bruk rumbrødbotn og trinse. Ikkje for varm takke.

Comments

Gulrotkake

  • 3 1/4 dl Skjåkmjøl

  • 3 1/4 dl kveitemjøl

  • 2 dl sukker

  • 3 ts natron

  • 3 ts kanel

  • 1/2 ts muskat/nellik

  • 4 egg

  • 1 dl olje

  • 3,5 dl surmjølk

  • 2 ts vaniljesukker

  • 1 dl hakka mandlar

  • 1,5 dl raspa eple

  • 3 dl raspa gulrot

  • 1 dl kokos

Bland mjøl, sukker, natron, kanel og muskat/nellik. Pisk saman egg, olje, mjølk og vaniljesukker og ha i mjølblandinga. Rør om. Tilset resten.

Comments

Nøttebotn

  • 4 egg

  • 100 gr sukker

  • 2 dl Skjåkmjøl

  • 2 ts bakepulver

  • 250 gr nøtter

  • 1,5 dl mjølk

Skjær mjølet inn i eggedosisen. Rør minst mogleg. 170 grader i 25 - 30 min i vanleg rund form.

Comments

Eplekake

  • 2 egg

  • 1 dl sukker

  • 1,5 dl Skjåkmjøl

  • 1,5 dl kveitemjøl

  • 2 ts bakepulver

  • 50 gr halvsmelta smør

  • 1,5 dl mjølk

  • 2 store eple

Visp eggedosis. Kok opp mjølk og tøm denne i. Ha i smøret. Ha i mjøl og bakepulver. Skjer epla i tynne skiver og legg desse på toppen. Strø på sukker. Steik på 200 grader i ca 35 min i vanleg rund form.

Comments

Avletter eller Skryller

  • 2 1/2 dl kremfløyte

  • 1 dl rømme

  • 1 dl vatn

  • 50 gr Skjåkmjøl

  • 125 gr kveitemjøl

Bland saman fløyte og rømme og visp dette til krem. Sikt Skjåkmjøl og kveitemjøl inn og set til vatnet. La det svelle ei stund. Varm avlett- eller krumkakejernet og ha i ei lita skei røre. Steik lysgult på båe sider. Kakene skal vere tynne og sprø. Avkjøl på flatt underlag.

Comments

Vaflar

  • 100 gr Skjåkmjøl

  • 300 gr kveitemjøl

  • 1 ts bakepulver

  • 50 gr farin

  • 40 gr smelta margarin

  • 2 egg

  • 1 l kulturmjølk

Bland alt det tørre og rør i mjølk til ei tjukk glatt røre. Rør i smelta margarin. La røra svelle i 1/2 time for å trekkje smak.

Comments

Pasta

  • 6 egg

  • 350 gr kveitemjøl

  • 50 gr Skjåkmjøl

  • 1-2 ss olje

Lag røre av egga og halvparten av mjølet. Hell røra opp i resten av mjølet og kna deigen jamn og fin. Ha i oljen. La deigen kvile i 30 min. i eit fuktig klede. Bak den ut eller kjør den gjennom pasta- maskinen. Kok pastaen i lettsalta vatn.

Comments

Potetgraut

Skrell poteter og skjer opp i bitar. Kok dei i så lite vatn som mogleg. Smak til med salt. Stapp Skjåkmjølet i slik at potetene blir mosa. Et grauten med mjølk til. Potetgrauten høver best til dugurd eller kveldsmat.

Comments

Barnemat

Kok litt tjukk graut på Skjåkmjøl og vatn. Ha i morsmjølk, sur eller søt mjølk og yoghurt til ein passe tjukk graut. Varm dette opp. Smak til med banan, eplemos, solbærsaft eller nypemos. Frå barnet er 5-6 månader gamalt er graut laga på Skjåkmjøl fin kost. Varier gjerne med havremjøl.

Comments

Skjåkmjøl til steiking

Skjåkmjøl eignar seg svært godt til steiking av fisk og lever. Saman med salt og pepar gjev Skjåkmjøl ei nydeleg sprø skorpe og ein nydeleg smak.

Comments

Pannekaker

  • 6 egg

  • 200 gr kveitemjøl

  • 50 gr Skjåkmjøl

  • Mjølk

  • 1/2 ts salt

Bland saman egg, kveitemjøl og Skjåkmjøl. Set til mjølk litt etter litt til ei passe tjukk røre. La dette stå og svelle i omlag 30min. for å få meir smak i røra. Ha i salt.

Comments

Kjøtsuppe

  • 3 dl Skjåkgryn

  • Knoke eller anna salt kjøtt

  • 3 gulrøter

  • 1 lita kålrot

  • 1 purrelauk timian

Legg oppbløytte gryn og knoke eller kjøt i ein kjele, tilsett vatn til det dekkjer kjøtet. Kok i 1 - 1 1/2 time. Skum av med jamne mellomrom. Ta ut kjøtet og set til gulrot og kålrot.Kok til grønsakene er møyre. Ha til slutt i purre og kjøtet opp- skore i terningar. Smak til med timian. Flatbrød eller brød høyrer med.

Comments

Salat

  • Skjåkgryn (oppbløytt og kokt)

  • Kinakål eller bladsalat

  • Tomat

  • Agurk

  • Sjampinjong

  • Ost/skinke eller liknande

Dressing:

  • 1 beger skogsbæryoghurt

  • 1 dl rømme

Smak til med timian eller bergmynte.

Comments

Viltgryte

  • 3 dl rømme

  • Ca 1 kg kjøt av elg/rein/hjort

  • 3 dl Skjåkgryn

  • 1 lauk

  • 2 ss smør

  • 1 boks hermetisk sopp

  • 7 dl viltbuljong salt, einebær

Bløyt opp gryna. Skrell og finhakk lauken og surr den gyllen i smør. Tilsett gryna. Rør rundt og ha i buljongen. La dette småkoke i 1 time. Brun kjøtet og soppen og ha dette i gryta. Småkok til kjøtet er møyrt. Smak til med salt og litt knuste einebær.

Comments

Byggrynsuppe

  • 2 dl Skjåkgryn

  • 1 - 1 1/2 l mjølk

  • 100 gr rosiner

Bløyt opp gryna. Dekk dei med nytt vatn og kok opp til vatnet er borte. Tilset mjølka. Kok ferdig gryna. Hugs å røre med jamne mellomrom. Set til rosinene mot slutten av koketida. Server med sukker og kanel.

Comments

Byggrynskrem

Graut:

  • 2 dl Skjåkgryn

  • 1/2 splitta vaniljestong

  • 6 dl mjølk

  • 2 ss sukker

Krem:

  • 3-4 dl fløyte

  • 2 ss sukker

Kok gryn, vaniljestong, mjølk og sukker på svak varme i 1 - 1 1/2 time. Rør ofte. Avkjøl grauten. Pisk fløyten med sukker og bland kremen i grauten. Servér med raud saus eller bærpuré.

Comments

Grynpølse

  • 3 dl Skjåkgryn

  • 3 l vatn

  • Spekeskinke eller skank

Skjer kjøt og flesk i terningar. Bland alt i ein kjel og kok det til gryna er møyre. Kok helst beinet med. Fleskebitane kan steikjast i panne og serverast på fatet saman med gryna. Servér med kokte poteter og flatbrød.

Comments

Rømmegraut med byggryn

  • 3 dl Skjåkgryn

  • 6 dl mjølk

  • 3 l kremfløyte

  • 1/2 l seterrømme

  • 6 dl kveitemjøl

  • 3 dl mjølk

Legg gryna i bløyt. La fløyte og rumme småkoke i 20 minutt medan mjølet blir sikta nedi. La grauten koke til feittet skil seg ut. Skum av feittet. Spe til slutt med mjølka. Kok graut av Skjåkgryn og mjølk og bland det i rømmegrauten rett før servering. Sukker og kanel høyrer med.

Comments

Fiskesuppe med byggryn

  • 1,5 dl Skjåkgryn

  • 1 l fiskekraft

  • 3 dl rumme eller fløyte

  • 2 gulrøter

  • 50 g sellerirot

Bløyt gryna natta over og kok ho i om lag 1 1/2 time. Kok opp fiskekraft med rømme eller fløyte og la det koke ei stund. Ha i gulrot og selleri skore i strimlar. La gryna koke med i om lag 15 min. slik at dei set smak på suppa. Smak til med salt, sitron og ev. urter som dill eller graslauk.

Comments

Betagraut

Kok ein laus graut av god mjølk og Skjåkmjøl. Brun flesk- og kjøtt-terningar i ei panne og ha det i grauten. Smak til med salt. Slå feittet i panna over grauten. Servér med flatbrød til.

Comments

Blodpannekake

  • 1 del blod

  • 2 delar vatn

  • Skjåkmjøl

  • Litt kveitemjøl

  • Salt

Sil blod og bland i vatn. Ha i salt og spe på Skjåkmjøl og litt kveitemjøl til ei passe tynn pannekake-røre. Smør steikepanna godt og steik tynne pannekaker. Servér med tytebærsyltetøy eller sirup.

Comments

Blodpudding

  • 1/2 l blod

  • 1/2 l vatn

  • 2 dl Skjåkgryn

  • 2 dl havregryn

  • 1 dl sammale kveite Skjåkmjøl

  • 50 gr rosiner

  • 2 ss sukker

  • 1 ts salt

  • 1/2 ts nellik, ingefær og allehånde

Bland blodet og vatnet. Bland i resten og steik røra i smurt form i vassbad i om lag 3/4 time på 200 grader. Servér med potet, smelta smør og tytebær.

Comments

Blodpølse

  • 1 l blod

  • 1/2 l mjølk eller vatn

  • 2 dl Skjåkgryn

  • 3 dl Skjåkmjøl

  • 200 gr flesk/talg i terningar

  • 1 ts salt pepar, nellik og ingefær etter eigen smak.

Legg gryna i bløyt, kok og avkjøl. Bland saman alt og rør godt. Fyll tarmar om lag 3/4 fulle og fordel flesket/talget. Legg pølsene i kokande vatn og la dei trekkje om lag 1 time. Prøv med nål om dei er kokte inni.

Comments

Blodpudding

  • 1/2 l blod

  • 1/2 l vatn

  • 2 dl Skjåkgryn

  • 2 dl havregryn

  • 1 dl Skjåkmjøl

  • 50 gr rosiner

  • 2 ss sukker

  • 1 ts salt

  • 1/2 ts nellik, ingefær og allehånde

Bland blodet og vatnet. Bland i resten og steik røra i smurt form i vassbad i om lag 3/4 time på 200 grader. Servér med potet, smelta smør og tytebær.

Comments

Betagryn

  • 150 gr Skjåkgryn

  • 60 gr gule erter

  • 3,5 l kaldt vatn

  • 200 gr salt kjøt

  • 100 gr kålrot

  • 150 gr gulrot

  • 200 gr oppskorne poteter

  • 1/4 finhakka purre

Legg gryna i bløyt natta over. Kok gryn og erter i nytt vatn i 1 1/2 time. Ha i kjøtet skore i terningar og kok vidare i 30 min. Ha i kålrot og gulrot og kok vidare i 30 min. Ha i potetene og hald fram kokinga i 15 min. Ha i purren.

Comments

Mjølkegryn

  • 300 gr Skjåkgryn

  • 3 l vatn

  • 4 l heilmjølk

  • 4 - 5 gulrøter

  • Nokre skiver kålrot

  • 4 poteter

  • Salt

Legg gryna i bløyt natta over. Kok gryna. Kok mjølka i 2-3 timar, saman med gulrøtene, kålrota og potetene oppskorne i terningar. Ha i salt etter eigen smak. Ha i meir mjølk dersom mjølkegryna blir for tjukk.

Comments

Karbonadar med byggryn

  • 4 dl Skjåkgryn

  • 4 store rå poteter

  • 2 middels store lauk eller purre

  • 50-100 gr sjampinjongost eller andre osterestar

  • 2 egg

  • 2 ts salt

  • 1/2 ts pepar

Legg gryna i blòt natta over. Kok gryna møyre i bløytningsvatnet. Tilset ev. meire vatn. Hell av overflødig vatn. Skrell potet og lauk og del dei i bitar. Bland alt til ei jamn farse i hurtigmiksar. Steik i blanding av smørog olje.

Comments

Pannekaker

  • 50 gr Skjåkmjøl

  • 200 gr kveitemjøl

  • 6 egg

  • mjølk

  • 1/2 ts salt

Bland egg, kveitemjøl og Skjåkmjøl. Ha i mjølk litt etter litt til du får ei tjukk røre. La dette svelle i 1/2 time for å få meir smak i røra. Tilset salt og mjølk til du får ei passeleg tjukk røre.

Comments

Grovt brød med havregryn

  • 1 l vatn eller mjølk

  • 100 gr gjær

  • 1 ts salt

  • 150 gr smelta margarin

  • 250 gr Skjåkmjøl

  • 500 gr grov sammale kveitemjøl

  • 500 gr kveitemjøl

  • 500 gr havregryn

  • 1-2 ss sukker eller sirup

Steik brødet ved 210 grader i 50-60 minutt på nedste rille. Store gryn kan bløytast i deigveska natta over.2-3 brød

Comments

Grovt brød, med kli

  • 1 l vatn eller mjølk

  • 100 gr gjær

  • 1 ts salt

  • 150 gr smelta margarin

  • 250 gr Skjåkmjøl

  • 250 gr kli

  • 500 gr grov sammale kveitemjøl

  • 500 gr kveitemjøl

Steik brødet ved 210 grader i 50-60 minutt. Store gryn kan bløytast i deigveska natta over. 2-3 brød

Comments

Grovt brød

  • 1 l vatn eller mjølk

  • 100 gr gjær

  • 1 ts salt

  • 100 gr smelta margarin

  • 500 gr Skjåkmjøl

  • 500 gr grov sammale kveitemjøl

  • 500 gr kveitemjøl

Steik brødet ved 50-60 minutt på nedste rille. 2-3 brød.

Comments

Brød

  • 50 gr gjær

  • 1 l vatn

  • 100 gr margarin

  • 1 ss sal

  • 300 gr Skjåkgryn

  • 100 gr havregryn

  • 300 gr grov sammale kveite

Bløyt opp og kok Skjåkgryna. Rør gjæren ut i lunka vatn og tilset smelta margarin. Ha i resten av ingrediensane og arbeid deigen godt. Hev deigen til dobbel storleik. Bak ut brøda og legg dei i smurde former. Etterhev i 40 min. Steik i 40-50 min. i 200 grader. 2-3 brød.

Comments

Fint brød med timian

  • 1 l vatn eller mjølk

  • 100 gr gjær

  • 1 ts salt

  • 100 gr smelta margarin

  • 500 gr Skjåkmjøl

  • 1 kg kveitemjøl

  • 1 ss timian

Steik brødet ved 210 grader i 50 - 60 minutt på nedste rille. 2-3 brød.

Comments

Storrumbrød, hardt

  • 2 kg malne poteter

  • 1 kg smult

  • 500 gr margarin

  • 1 l sur mjølk

  • 1 l søt mjølk

  • 2 toppa ss hjortetakksalt

  • 2 kg Skjåkmjøl

  • 600 gr sikta kveitemjøl

Lag ein deig av potetstappe, mjølk, mjøl og hjortetakksalt. Tilset det smelta smøret og feittet. Kjevle utdeigen og steik bakstsida fyrst.

Comments

Storrumbrød, mjukt

  • 7 kg malne poteter

  • 500 gr margarin

  • 1 kg smult

  • 1 kg sirup

  • 1 l søt mjølk

  • 1 l sur mjølk

  • 2 toppa ss hjortetakksalt

  • 1 natronpakke

  • 2 kg Skjåkmjøl

  • 2 kg sikta kveitemjøl

  • 1,5 kg sikta rugmjøl

Ha potetstappe, mjøl, hjortetakksalt, natron og sirup i troget. Fyll oppi mjølka og kna lett saman. Sett til smelta feitt og smør. Kna saman. Bruk berre 1/2 kg kveitemjøl i deigen. Resten vert brukt som breimjøl. Steik på varm takke. Snu leiven ofte.

Comments

Tvisteiktbrød

  • 1 kg malne poteter

  • 1 l sur mjølk

  • 1 l vatn

  • 3,2 kg Skjåkmjøl

  • 700 gr grovt kveitemjøl

Lag ein deig av potetstappe, vatn, surmjølk og mjøl. Ta av rikeleg med mjøl til breimjøl. Kjevle til tynne leivar. Steik desse fyrst på bakstsida og snu leiven og legg ein ny leiv oppå. Snu båe når fyrste leiven er steikt. Snu så den steikte leiven enda ein gong og la dampen av den andre trekkje inn.

Comments

Mjukbrød (lefse)

  • 3,5 kg malne poteter

  • 150 gr Skjåkmjøl

  • 1,2 kg kveitemjøl

Lag ein smidig deig av potetstappe, Skjåkmjøl og kveitemjøl. Legg fjølsida på leiven på takka, snu så fort leiven heng saman og gjenta snuinga fleire gonger til leiven er steikt.

Comments

Flatbrød

  • 1,5 kg malne poteter

  • 1 ts salt

  • 1 dl skumma kulturmjølk

  • 300 gr Skjåkmjøl

  • 200 gr sammale grov kveite

Lag deigen og la denne avkjøle. Bak ut med Skjåkmjøl som breimjøl i tynne leivar og steik på takke som ikkje er for varm.

Comments

Flatbrød, einsteikt

  • 2 kg malne poteter

  • 1 kopp vatn

  • 1 kopp sur mjølk

  • 800 gr Skjåkmjøl

  • 100 gr kveitemjøl (sikta)

Lag ein deig av potetstappe, vatn/mjølk og kna den til ein smidig deig. Bruk 400 gr av mjølet til breimjøl. Steik bakstesida av leiven fyrst. Takka må ikkje vera for varm. Steik leiven ferdig på den eine sida, snu, steik ferdig og legg leiven saman til ein trekant. Legg press på brødstabben.

Comments

Ostehorn

  • 500 gr Skjåkmjøl

  • 1250 gr kveitemjøl

  • 300 gr riven kvitost

  • 1 pk gjær

  • 2-3 ts salt

  • 1,4 l væske (søt mjølk/vatn)

  • Sesamfrø

Lag vanleg gjærdeig. Pensle horna - gjerne med egg og dryss på sesamfrø.

Comments

Rundstykke

  • 400 gr Skjåkmjøl eller 250 gr Skjåkmjøl og 150 gr Skjåkgryn

  • 1150 gr kveitemjøl eller 1050 gr kveitemjøl og 100 gr sesamfrø

  • 200 gr sammale rug fin/grov

  • 1 pk gjær

  • 1 ss salt

  • 1 ss maltekstrakt

  • ca 1,5 liter væske - sur/søt mjølk - ev. blanda med vatn.

Bløyt Skjåkgryna natta over og ev. hakk gryna. Varm maltekstrakten saman med vatn. Hell i resten av væska kald og la deigen heve i 3-4 timar.

Comments